Utvalet har starta arbeidet 

Statsallmenningsutvalet

Foto: Espen Fjeldstad

Statsallmenningsutvalet blei oppnemd av Kongen i statsråd 4. mars 2016. Lovutvalet skal gjennomgå lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift i statsallmenningane (statsallmenningsloven). 

Oppgåva til utvalet er å vurdere korleis ein kan få eit framtidsretta lovverk og ei enklare forvaltning av statsallmenningane. 

Utgreiinga skal ta utgangspunkt i dei grunnleggjande rettslige forholda som gjer seg gjaldande i statsallmenningane, der staten er grunneigar og der retten til allmenningsbruk knytt til jordbruket ligg til bygder som frå gamal tid har slik rett. Utgreiinga skal også ivareta grunnlaget for samisk kultur, samiske rettar og interesser (under dette reindrifta) i statsallmenningane. Krava i folkeretten til at urfolk skal ha moglegheit til å delta i forvaltninga av naturressursar, skal liggje til grunn for arbeidet til utvalet. 

Statsallmenningsutvalet hadde sitt første møte 3. mai 2016 i Oslo. Utvalet diskuterte mandatet. I møtet utarbeida utvalet ein plan for arbeidet som kan gjere det mogleg å levere ein NOU til regjeringa innan sumaren 2018.

 

© Marianne S. Barstad 2017