Framdrift


Tiande møte

Det tiande møtet i utvalet vart holdt i Oslo 29. januar 2018. Arbeidet i utvalet går no inn i siste fase før NOU skal leggjast fram i juni. Utvalet diskuterte overordna spørsmål om økonomi, organisering og administrasjon av statsallmenningane, samt enkelte spørsmål om jakt og fiske og setring. 

Det neste utvalsmøte er 12. mars 2018. 

Niande møte

Det niande møtet i utvalet vart holdt i Oslo 4. Desember 2017. Denne gangen var temaet igjen organisering av forvaltninga av statsallmenningane, samt jakt, fangst og fiske. Utvalet skal vurdere både korleis forvaltninga skal organiserast og saksbehandlingsregler.  

Dette var det siste møtet i utvalet i 2017, men arbeidet held fram i 2018. 

Åttande møte

Det åttende møtet i utvalet vart holdt i Oslo 30. oktober 2017. Denne gangen gjekk utvalet gjennom hovudspørsmål rundt organisering av statsallmenningane. Utvalet vurderte også enkelte spørsmål om formål med loven og om bruksrettane. 

Sjuande møte og synfaring

Statsallmenningsutvalet dro igjen på synfaring 18.-19. september 2017. Denne gangen var det allmenningsstyrer og fjellstyrer i Nord-Trøndelag som møtte utvalet. Det sjuande møtet i utvalet blei holdt på Quality Airport Hotell Stjørdal. 

Tromsdal statsallmenning

Statsallmenningsutvalet besøkte Tromsdal og Ramsås allmenningar. Tromsdal, Leksdal og Ramsås allmenningsstyrer, Verdal fjellstyre og representantar for Statskog tok imot utvalet. 

I Tromsdal allmenning så utvalet eit eksempel på grus- og mineralindustri i statsallmenning. Audhild Slapgaard og Håkon Walberg frå Tromsdal allmenningsstyre, Jon Olav Skrove og Olav Karmhus frå Leksdal allmenningsstyre, og Jon Stamnes og Terje Aksnes frå Verdal fjellstyre orienterte om utfordringane med både grunndisponeringar, vern og bruksrettar i statsallmenningane. Frå Statskog fortalte Carl Libach og Per Iver Fossen om grunneigarrolla i statsallmenningane. 

Ramsås statsallmenning 

IMG 4485

Utvalet blei tatt imot med god musikk. Bilde: Marianne Barstad

Turen gjekk vidare til Ramsås allmenning, der utvalet ble møtt av musikk ved Dag Ståle Larsen, kaffe og bål. Ramsås allmenningsstyre, med utvalsmedlem Ingeborg Østerås, Tor Espen Indahl, Vidar Alstad og Leif Johan Berg, og Statskog fortalte om erfaringer med skogbruk og virkesrett i allmenningen.

IMG 4487

Bilde: Marianne Barstad

IMG 4496

Bilde: Marianne Barstad

Orientering frå Grønning allmenningsstyre 
På bussen tilbake til Stjørdal, orienterte Grønning allmenningsstyre om statsallmenningar forvalta som bygdeallmenningar for skog og virkesrett. 

Sjuande utvalsmøte 
Det sjuande utvalsmøtet blei holdt på Stjørdal 18. og 19. september. Utvalet diskuterte dei jordbrukstilknytte bruksrettane og grunndisponering. 

Vigden og Elgvadfoss statsallmenning  
Den siste del av turen gikk til Vigden og Elgvadfoss statsallmenning. Der fikk utvalet lære om  næringutvikling og verdiskaping i statsallmenningane i Stjørdal. Vegard Vigdenes frå Vigden og Elgvadfoss fjellstyre, leiar Arild Gressetvold i fellesstyret for fjellstyra i Stjørdal og Ivar Rimul orienterte. I tillegg var Laila Bergstrøm frå Essand reinbeitedistrik/Saanti Sijte med for å orientere om reindrifta. 


Sjette møte og synfaring

Statsallmenningsutvalet var 19. - 21. juni 2017 på ein tre dagar lang synfaring, der dei møtte fjellstyre og brukarar i fleire statsallmenningar i og rundt Gudbrandsdalen og Valdres. Utvalet hadde fleire stopp på vegen. I tillegg holdt fleire representantar frå fjellstyre, Statskog og brukarar innlegg på bussen. Sjette møtet i utvalet blei avholdt på Fossheim hotell i Lom. 

Øyer
I Øyer fekk utvalet synfare statsallmenningen. Ordfører Brit Kramprud Lundgård tok imot utvalet. Tema var reiseliv og utbygging i statsallmenning. Øyer fjellstyre, med Arne Finn Brekke, Håvard Granheim, Ottar Moe og Edgar Enge, fortalte om utfordringar med hyttefelt og landbruk side om side.


Utvalet fekk også ei orientering om skogsdrifta. Styreleiar i Øyer almenning, Roar Gillebo, og allmenningsstyrar Per M. Bryhn fortalte omskog som blir forvalta som bygdeallmenning. Statskog orienterte om eigedomsutvikling i statsallmenningane. På setra til Anne Magnhild Braastad Lie fortalte ho om seterdrifta og serverte utvalet lunsj. 

Lom 
På Norsk Fjellsenter tok Mai Bakken imot utvalet og viste rundt på Norsk fjellmuseum. Så fekk utvalet høyre om verksemda i Vågå og Lom statsallmenningar. Ivar Vistekleiven og Knut Øyjordet fortalte om drift og utfordringar i Vågå statsallmenning, mens Erik Frisvold og Odd Repp orienterte om Lom statsallmenning. Utvalet fekk også høyre fra Jon Sjursgard, som kom med innspel om utfordringar i forvaltninga av statsallmenningane i dag. 

Sjette utvalsmøte
Det sjette utvalsmøtet ble holdt på Fossheim på Lom 20. juni. Utvalet skal vurdere kva for ordningar for konfliktløysing som er best eigna for statsallmenningane. Utvalet diskuterte også jakt og fiske i statsallmenningane. Arbeidet i utvalet er no kome halvveis, så utvalet skal starte arbeidet med konkret lovtekst. 

Finndalen statsallmenning 
Utvalet besøkte så Øygardssetra for å høyre om bruk og vern av statsallmenning. Jann Erik Dalum og og Tommy Sønsterud frå Lesja fjellstyre fortalte om verksemda i Dalsida og Lordalen statsallmenningar, og Vidar Vange og Knut Øyjordet fortalte om Finndalen statsallmenning. Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggren sto for mat og underholdning. 

Randsverk 
På siste dagen av turen var temaet statsallmenning forvalta som bygdeallmenning, skogsdrift, tamrein og setring. Sæbjørn Forberg frå Norsk Almenningsforbund og Trond Gutubø frå Langmorkje allmenning orienterte om drift av bygdeallmenning og korleis Norsk Almenningsforbund fulgte utvalsarbeidet, og kva dei legg vekt på. Utvalet fekk også høyre om skogsdrifta i Langmorkje statsallmenning, der skogen blir forvalta som bygdeallmenning. 

Turen gjekk vidare mot Bessheim, der Pål Grev frå Vågå Tamrein AS fortalte om tamreindrift i statsallmenning. Utvalet fekk også møte eit par av tamreinflokken på Bessheim, Iver og Vesle-Nils. Dei viste stor interesse for utvalet. 


På neste strekning av turen, var det Reidar Gran frå Øystre Slidre fjellstyre som haldt innlegg for utvalet om verksemda i Øystre Slidre statsallmenning.

Vestre Slidre statsallmenning 
Siste stopp på turen var i Vestre Slidre statsallmenning. Lars Kvissel og Harald Ranum frå Vestre Slide fjellstyre var vertskap og fortalte om bruken av statsallmenningen. 


I Vestre Slidre besøkte utvalet to støler, der brukarane orienterte og kom med innspel til utvalet. På Flisøyne møtte utvalet Anne Berit Strømmen Strand og Kjell Engebret Strand, og på Jasslangen var det Gerd Nanti og Normann Vika Helle som tok i mot oss. Dei bidro med god mat og gode råd. 

Neste utvalsmøte blir 18.-19. september i Stjørdal.


Femte møte

Det femte møtet i utvalet vart holdt i Oslo 24. april 2017. Hovudtemaet for møtet denne gangen var organiseringa av statsallmenningane. Utvalet vurdert både korleis statsallmenningane skal forvaltast, og kva for regler som skal gjelde for saksbehandling. 

I juni 2017 legg utvalet ut på tre dagers befaring for å bli betre kjend med fjellstyra, Statskog og brukarane av statsallmenningane. 

Intervju med utvalsleiar

Nynorsk pressekontor har intervjua utvalsleiar Karl Arne Utgård. Intervjuet er publisert i Nationen. Du kan lese intervjuet her: http://www.nationen.no/distrikt/utval-vil-halde-pa-den-lokale-jaktretten/  

Fjerde møte

Det fjerde møtet i utvalet var 13. februar 2017 i Oslo. 

I dette møtet var økonomien i statsallmenningane hovudtema. Utvalet skal vurdere både inntektsmoglegheiter i statsallmenningane, korleis økonomien skal forvaltast og korleis inntektene skal fordelast i framtida. 

Tredje møte

Roros

Utvalet hadde sitt tredje møte 29.-30. november 2016 på Røros. Det var fire hovudtema for møtene. Den første dagen var jakt og fiske, og oppsyn tema. Utvalet vurderte korleis ein bør regulere jaktretten og fiskeretten, under dette omsynet til ein god balanse mellom innanbygdsbuande og utanbygdsbuande. I samband med møtet blei det også holdt seminar om samisk reindrift i statsallmenningane. Unni Fjellheim, Arne Grue og Halvor Hansson heldt innlegg for utvalet. Seminaret var ein innleiing for den andre møtedagen, da utvalet diskuterte forholda for samisk reindrift i statsallmenningane. Til slutt handsama utvalet spørsmål rundt bruk av allmenningane som ikkje er basert på allmenningsrett, som utleige av seter og beite, og friluftsliv. 

Foto: Marianne S. Barstad

Andre møte

Det andre møtet i utvalet var 8. september 2016 i Høgsterett i Oslo. På møtet handsama utvalet to tema: Det eine var korleis ein bør regulere dei jordbrukstilknytta bruksrettane - altså rett til beite, seter og trevirke. Utvalet skal i denne samanheng vurdere kva som er behova i jordbruket i dag. Det andre temaet var grunndisponering og tomtefeste. Her vurderer utvalet fordelinga av myndigheit til å foreta grunndisponeringar i dag, om reglane for grunndisponering kan gjerast klarare og om ein skal vurdere å utvide moglegheita til innløysing av festetomter i statsallmenning.  



© Statsallmenningsutvalet 2017